mandag 22. april 2024

Vedlikehald av vinsjane

I dag har eg gjort reine og smurd opp alle 4 vinsjane. Det tok 2 timar.

Eg lurer på om eg ikkje smurde dei i fjor, Mogeleg eg berre tok genoavinsjane. Eg må skjerpa meg. Dei må takast kvart år.





Singlehanded Spinnakertrening 21.04.24


Spinnakertrening i Hjeltefjorden/Mangersfjorden i roleg vær søndag
21.april 2024. 
Første treningsregatta i Nordhordland seilforening er 30.april. Denne rekk eg ikkje å vera med på.
Første Klubbregatta NHS er Vårregatta 4.mai. 

mandag 15. april 2024

X-faktor sjøsett 13.april

 X-faktor vart sjøsett laurdag 13.april. Søndag 14.april segla eg ein runde på Mangersfjorden/Hjeltefjorden.


X-faktor på plass i båthamna i Mangerøy

Segling på Mangersfjorden


mandag 25. mars 2024

Stort sett ferdig med båtpussen

 I går, søndag 24.mars, rulla eg på 2 strøk med VC 17 bunnstoff.  Har tidlegare polert med Jotun Marin polish og voksa med Jotun Hard vax. Har hatt på Jotun drevspray på segldrevet og rundt rorstammen.

Sjøsetjing er ikkje før 13.april.




tirsdag 5. mars 2024

Vårpussen har starta

Har so smått starta med vårpussen. X-faktor står på land på Litlebergen, og det ligg an til sjøsetjing 20. eller 21.april 2024.

Eine festet på babord pushpit knakk i fjor, og eg har demontert dette og André har sett på nytt feste. I dag sette er på igjen pushpiten. Eg har tetta rundt festene med butyl tape. Det er trangt baki her, spesielt festet bakerst i akterlugaren, men det gjekk greit.

Pushpiten er av.

Pushpiten klar for montering.

Eg har tidlegare i vinter skrapt av bunnstoffet på roret som eg har hatt kvitt bunnstoff på. Var ikkje heilt nøgd med dette. No vert det VC 17 også på roret. So får eg sjå kva eg skal gjera neste år når det ikkje lenger er mogeleg å bruka VC 17.

Kvitt bunnstoff er fjerna, og roret er pussa.


I dag har eg fått på 2 strøk med VC Tar. Skal ha ytterlegare 2 strøk.


fredag 16. februar 2024

Deltakarstatistikk Seilmakeren doublehanded

Harald Gjøsæter har laga deltakarstatistikk for Seilmakeren doublehanded. Eg har deltatt og fullført 16 gonger. Torkjell har deltatt og fullført 12 gonger. Sjå meir i vedlagte artikkel.

Første gong eg var med var i 2007. Eivind og eg segla Eivind sin Mixer, og løpet gjekk heilt til Stavanger og tilbake. Eivind og eg segla også i 2008 med Eivind sin Mixer. Den gongen var det over 100 startande båtar og me vart nr. 2 i vår klasse og nr. 4 overall. I 2009 segla Eivind og eg Karisma (Comfortina 32). Den gongen gjekk løpet til Skudesneshavn og tilbake. Frå 2010 har me segla X-faktor. Eivind var co-skippar i 2014, elles er det Torkjell som har vore co-skippar. Klasseseier i 2011, overall-seier i 2016, klasseseier i 2019 og 2021.

Her er artikkelen til Harald Gjøsæter:   https://sailracesystem.no/regattasystem/regatta/meny/8757/Deltakarstatistikkpr2023.pdf

Fotoalbum frå Seilmakeren DH i 2007. Turen starta med transportetappe frå Norheimsund til Askøy: https://photos.app.goo.gl/ipfjpgRH6QXcDyT97

På veg mot overall-seier i 2016. Foto: Trond J Hansen:

På veg mot Florø i 2011. Det vart klasseseier etter ein rask lens sørover frå Florø. Foto: Trond J Hansen



søndag 21. januar 2024

Mykje snø

 Det har kome uvanleg mykje snø i Nordhordland i Januar. Eg hadde det travelt i veka, så eg hadde ikkje tid til å måka snøen av presenningen før fredag kveld.